Glemt Passord?

Administrativ organisering pr. januar 2019

Organisasjonskart pr januar 2019

* i fråver av kommunalsjef for oppvekst og kultur fungerer rådmann.

Oppgåver og ansvarsområde er fordelt mellom kommunalsjefane etter fylgjande prinsipp;

* Tenestelike einingar skal som hovudregel rapportere til same kommunalsjef

* Overordna leiing har ansvar for samarbeid og utvikling

* Overordna leiing skal ha tverrfagleg og heilskapleg fokus

* Kvar av dei politiske utvala skal ha "sin" kommunalsjef

* Oppgåver og ansvar skal fordelast jamnt så langt som råd er

* Så langt som mogleg skil ein mellom forvaltning og drift

Overordna leiing representerer hovudkontaktflata mot det politiske styringssystemet.

Dei kommunale tenestene er delvis organisert i ein flat struktur med 2 nivå med einingsleiarar og i ein struktur med tre nivå med tenesteleiarar som har ansvar for fleire einingar. Kvar eining har definerte oppgåver.

Leiarar av tenester og einingsleiarar har fullmakter som er fastsette gjennom reglement for delegering og arbeidsavtalar.

Leiarar og einingsleiarar har:

  • personalansvar
  • ansvar for rekruttering/tilsetjing i ledige stillingar
  • det faglege og administrative ansvaret for tenesta

Innanfor tildelte råmer finn leiarar av tenester, einingsleiarane og medarbeidarane dei beste løysingane for brukarane sine.

Så langt råd er skil ein mellom;

  • einingar som arbeider med forvaltning, utøving av mynde og kontrollverksemd (forvaltningseiningar)
  • einingar som utøver tenester for innbyggjarane (utøvareiningar)

Organiseringa byggjer på at alle skal tenkje heilskap og leggje til rette for tverrfaglege løysingar når brukarane har trong for det. Medarbeidarane i kvar eining høyrer til eit arbeidslag som har fullmakter frå einingsleiar slik at ein finn praktiske løysingar så nær tenestemottakaren som råd er.

Tenesteleiarane og einingsleiarane rapporterer til ein av kommunalsjefane.