Glemt Passord?

Arkivrutinar anbod/innkjøp

Årdal kommune skal nytte lov om offentleg anskaffelser som grunnlag for innhenting av førspurnader ved innkjøp/anbod.

 Før det vert henta inn anbod skal det utarbeidast eit internt notat som synar forventa verdi på anskaffelse.

 Innkjøp mellom 0- 100 000:
• Førspurnad til minimum tre leverandører.
• Førespurnad om korleis innkjøp er gjennomført bør dokumenterast.
 Innkjøp mellom 100 000 – 500 000:
• Bruke frivilljug kunngjering i Doffin.
• Protokollplikt, dvs det skal førast protokoll som viser kven som har levert inn tilbod og kven som er tildelt oppdrag/innkjøp.
• Melding til dei som har levert tilbod med orientering om kven som er tildelt oppdraget, med frist for vent. klage på tildeling.

Innkjøp over 500 000: 
• Kunngjering på Doffin
• Protokollplikt, dvs det skal førast protokoll som viser kven som har levert inn tilbod og kven som er tildelt oppdrag/innkjøp.
• Melding til dei som har levert tilbod med orientering om kven som er tildelt oppdraget, med frist for vent. klage på tildeling.

Øvrige rutiner:
• Protokoll ved anbod over 500 000 vert ikkje sendt ut til leverandørane før det er fatta vedtak om tildeling
• Protokoll frå anbodsopning skal alltid signerast av to personar. Dersom tilbydarar har høve til å vere tilsades ved tilbodsopning skal dette gå fram av førespurnad.
• Det er ikkje tillete å «dele opp» innkjøp av tilnærma lik anskaffelse for å omgå terskelverdiar. Slike anskaffelser skal kartleggast/planleggast gjennom budsjettåret.
• Alle førespurnader skal ha krav om både papirversjon og elektronisk levering av tilbod. (PDF), slik at overføring til arkiv skal gjennomførast på ein rasjonell måte.
• Alle tilbod skal sendast til Årdal kommune sitt postmottak
• Sakshandsamar har ansvar for å sjå til at
 det vert oppretta innkjøpsmappe/anbodsmappe i kommunen sitt sak-/arkivsystem før førespurnad går ut.
 Orientere om frister for innlevering
 Avklare med arkivansvarleg kva arkivkoder som skal nyttast ved etablering av arkivmappe. 
 Syte for at alle dokument som er knyta til den som vert tildelt innkjøp/oppdrag vert registert i kommunen sitt sak-/arkivsystem.